torsdag 19. mars 2015

Dagens dikt

Lyset skruast på 
Pulsen stig
Stemninga aukar
No blir det krig
Dommaren blæs,
fyrste omgang var tøv
Snart ligg publikum og søv 

Me er klare for å kjempe
Trenaren legg om taktikken 
No skal me springe og skåre mål 
og sende dei heim med trikken 

Dette er mitt liv 
Eg får ein klump i magen
Tårane pressar på 
For i dag har eg dagen

Forfatter: 
Kathinka Garmann Løvstad

torsdag 29. januar 2015

Dagens dikt

I dag var dagen for å puste støv av bloggen.
Tror ikke jeg har noen følgere igjen, men om noen skulle svinge innom kan de få med seg et fint dikt på veien:

Tung tids tale


Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.

Alt du kan løfte av børa til bror din,
Må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne
at du er varm!

Forfatter: Halldis Moren Vesaas